Lutelandet vindkraftverk
Tekniske data
Byggeår
2021
Produksjonskapasitet
51,1 MW
Forventa årleg produksjon
150 GWh
Antall turbiner
9
Navhøgde
105 meter
Rotordiameter
149 meter
Turbintype
Nordex N149

Lutelandet vindkraftverk ligg på Lutelandet, ei øy som ligg vest for Korssundet i Fjaler kommune.
Lutelandet er ein godt eigna lokalitet for vindturbinar med stabile og gode vindforhold. Konsesjon blei tildelt i 2019 og vindkraftverket består av ni turbinar som til saman skal produsere ny fornybar energi til om lag 9 000 husstandar.
Lutelandet vindkraftverk gir arbeidsplassar og verdiskaping for lokalsamfunnet. I tillegg har området Ytre Fjaler med dette fått eit nytt og sterkt 132kV straumnett som legg til rette for ny industri og næringsutvikling.
Fare for iskast
I vinterhalvåret vil det i periodar legge seg is eller snø på vindturbinane. Det er då ein risiko for at is og snø kan bli kasta av vindturbinen og vi anbefalar derfor at du held ein avstand på 300 meter til turbinane.
Her ser du ein prognose over risiko for ising på Lutelandet. Varselet baserar seg på meterologiske data, og data frå turbinane. Dei vert oppdaterte 4 gonger i døgnet. Den første boksen baserar seg på turbindata, medan dei neste er basert på prognosar.
Det er alltid knytt usikkerheit til meterologiske prognosar og det vil vere situasjonar med isingsforhald som ikkje vert fanga opp gjennom driftsdaga på turbinane.
Søk sponsormidlar
SFE ønskjer at verdiskapinga frå vindkraftproduksjonen på Lutelandet skal kome lokalsamfunnet til gode og har oppretta ei sponsorordning tilknytta vindkraftverket.
