
Publisert: 24.06.2025
Oppgradering av dam Svelgsvatn
I mai begynte arbeidet med å oppgradere dam Svelgsvatn i Bremanger.
Bakgrunnen for prosjektet er dei nye damsikkerheitsforskriftene frå NVE, som stiller krav om forsterka flaumvern i dammar.
Demninga skal difor byggast opp med ytterlegare 70 cm betong for å sikre tilstrekkeleg flaumsikring. Det førebuande arbeidet starta på vårparten, og frå då har ein gradvis tappa ned vatnet for å klargjere dammen for oppgraderinga.
Arbeidet blir utført av entreprenør Veidekke. Det er etablert ein flyterigg for transport av utstyr og materiale over vatnet.
– Arbeidet er no godt i gang, og vi reknar med å vere ferdige mot slutten av hausten, seier prosjektleiar frå SFE, Solveig Lien Gusdal.

Turstien opp til Svelgsvatn kan nyttast som før, sjølv med pågåande arbeid. Det er viktig at turgåarar held seg til stien og ikkje går inn på anleggsområdet eller bort til dammen.
Dam Svelgsvatn er det siste inntaksvatnet til kraftverket Svelgen 1, som har ein årleg middelproduksjon på 49 GWh.
